ågotnes6.jpg

Kvalitetsprogram Ågotnes

Tags: Urbanisme

Kvalitetsprogram Ågotnes

Prosjektbeskrivelse

 

Kvalitetskrav kan vera så mykje - dei fleste tenkjer at ein kvalitetsplan er ein slags utvida byggjeskikkrettleiar, eit dokument som fortel kva som er kvalitet. Men det er ikkje lett å finne universale føresegner for god og dårleg kvalitet. Estetikk og attraktivitet er særs subjektivt og til dels motestyrt - det me meiner er alright nett no, kan vera utdatert om få år. Ting me ville rive berre for få år sidan, kan i dag vurderast som kulturskattar. Eit kvalitetsprogram må difor freiste å skildre tidlause kvalitetar - og det er inga lett lett øving. Kvalitetskrav kan sjåast i fugleperspektiv; som tettstads/områdekvalitetar eller i eit maurperspektiv; som byggkvalitet. Det er vanleg å blande saman desse to måtane å sjå kvalitet, men det er viktig å hugse at ein by eller ein tettstad er meir enn summen av alle bygga den inneheld, han er mykje meir enn seriekopla arkitektur.

Me må difor ha to sett med kvalitetskrav:
1) kvalitetar i tettstaden
2) kvalitet for bygg og anlegg

Tilhøvet vi har til arkitektur er subjektivt. Arkitektur skal også være spesifikt for staden, og kvalitetskrava for arkitekturen på Ågotnes må difor komme som resultat av ein grunnleggjande forståing av Ågotnes som stad. Men ikkje alle kvalitetar er like subjektive. Me lever i ei tid der kravet til berekraft er viktigare enn dei fleste andre krav, samstundes som det er både forventning og ønskje om å følgje nasjonale lover og internasjonale forpliktingar. Dette er absolutte, normative krav - og difor eit grunnleggjande kvalitetskrav. Krav om berekraft er basert på årelang forsking kor ein har forsøkt å forstå byar og tettstader, korleis dei har vakse fram og kan halde fram. Her er mykje å lære frå denne forskinga og me har henta mykje her frå når me har utarbeidd kvalitetskrava for Ågotnes.

For i det heile å kunne forstå dei kreftane som verkar på utviklinga av staden vår, følelsane knytt til staden der vi bur og den intuitive opplevinga av nye stader, er det viktig å forankre kvalitetsprogrammet for Ågotnes i den pågåande internasjonale forskinga innan dette fagfeltet. Alle dei store arkitektane og byplanleggarane har lansert eigne teoriar og krav til omgjevnadene og i moderne tid har samfunns- og økonomifag og fleire andre fagfelt bidrege med deira forståing av kva element som betyr noko for kvaliteten i byar og område.

Ikkje alt av eksisterande litteratur er relevant for Ågotnes. Likevel byggjer våre vurderingar på omfattande litterære kjelder, for å sjå og forstå staden Ågotnes i eit større perspektiv. Dette hjelper oss å finne rett kurs og ambisjonsnivå, for å argumentere for kvalitative val, for å vise kva som ligg til grunn for forslaga for dei einskilde områda og ikkje minst for å ha eit felles sett av omgrep.

Mot slutten av 1800-talet starta ein med registrering av, og forsking på europeiske byar som vart opplevd som gode stader å vera. Ein stilte spørsmål om kvifor somme stader vart opplevd som betre enn andre. Byar vart samanlikna og planføresegnar og retningsliner for korleis ein kunne attskape gode byrom vart laga. Desse utformingsprinsippa, basert på grunnleggjande forsking innan stadutvikling, kan overførast og nyttast også i vår tid når me utviklar eit område.

Urbaniseringa i Noreg og Skandinavia, har i nyare tid ført til at fleire skandinaviske forskingsmiljø har utvikla teoriar for by og bybruk. Der historisk forsking i stor grad har vore opptatt av dimensjonar og arkitektur, har ein starta å forske på opplevinga av byane og byromma - og ein har forstått at korleis byen vert nytta er minst like viktig som utsjånaden. I vår samtid har denne meir sosiale arkitekturforståinga med røter i samfunnsfaga, sett djupe spor. Dansken Jan Gehl er eit døme på ein moderne arkitekt og forskar som meiner at nytten av bygga er like viktig som utforminga.

Dagens forsking er prega av at grøne verdiar stadig vert viktigare. Planlegging av tettstader har difor teke ein meir berekraftig retning, der klimaendringane vert premissgivande for utforminga av tettstader og byrom. Krav til handsaming av overvatn, fordrøying, reduksjon av trafikk og heilskaplege berekraftige grep har vorte viktige reglar for utforming av byar og tettstader. Dette krev nye løysingar samanlikna med kjente historiske bystrukturar.

Kva kvalitetar som kan nyttast ved planlegging av byar, byområde og tettstader, er eit stort tema i forskinga. Det er igjen viktig å skilje mellom ålmenne krav til bygg og uteområde, og dei meir stadspesifikke kvalitetskrav og identitetsmarkørar som er unike for staden, som til dømes Ågotnes.


Prosjektnavn                    
Kvalitetsprogram Ågotnes

Plassering                          
Ågotnes / Nye Øygarden Kommune

Samarbeidspartnere 

Prosjektleder                  
Fredrik Barth

Team    
Laura Fröhlich, Linda Figueiredo, Anders Eide                    
                                                                                                                     


 
Mal prosjektsider4.jpg
ågotnes3.jpg
ågotnes4.jpg
ågotnes5.jpg
ågotnes6.jpg